– Me er den siste butikken før Sauda som har maling

SJEF OG ANSATT: Olaug Mari Øen (t.v.) er ny leiar i Sandeid handelslag. Her med litauiske Vilija Kyisle, som har jobba i butikken i fire år.

SJEF OG ANSATT: Olaug Mari Øen (t.v.) er ny leiar i Sandeid handelslag. Her med litauiske Vilija Kyisle, som har jobba i butikken i fire år. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

VINDAFJORD: Olaug Mari Øren (41) i Sandeid handelslag er ikkje sein om å leggja handle-argumenta på bordet.

Frå nyttår har ho leia 12 heil- og deltidstilsette sitt arbeid på Sandeids einaste daglegvarebutikk.Dei tusen sandeidsbuane utgjer grunnfjellet i kundemassen.

Men Olaug Mari seier at den tilfeldige handelen frå folk som køyrer forbi ikkje er ubetydeleg, og meiner siste stopp for maling bør vera eit godt argument.

– Siste stopp dersom du har gløymt vottene og skal på ski til Svandalen, supplerer styreleiar i det sjølstendige handelslaget, Tore Solberg.

Han understrekar at dei samarbeider godt i Coop-systemet med Coop Sør-Vest, men at medlemmene til nå har sagt at dei vil vera sjølstendige.

I heimbygda

Olaug Mari Øen er sandeidsjenta som har jobba både på møbelbutikk og på Coop i Ølen før ho starta som økonomimedarbeidar hos Granberg A/S i Bjoa for fire år sidan.

Det er litt skummelt å koma heim og leia forretninga alle kjem innom.

Olaug mari øen Dagleg leiar, Sandeid handelslag

– Det er litt skummelt å koma heim og leia forretninga alle kjem innom. Men det har gått fint. Eg har blitt så godt mottatt. Her er tusen ting å setja seg inn i. Heldigvis er gamlestyraren, Gunnar Håland, med i halv stilling framleis. Godt å ha han å spørja til råds, seier ho.

At handelslaget står åleine, gjer at dei lettare kan ta inn lokale varer.

Her er både kjøtprodukter frå Lundal og laks ifrå Skakke, pluss reker frå ein seljar på Karmøy.

– Eg kjenner berre til at det er me og handelslaget i Kvaløy som er sjølstendig på desse kantar, fortel ho.

– Kva nye satsingar kan me venta oss?

– Me skal gradera opp kjøl- og fryskapasiteten. Det håpar eg er klart til sommarsesongen. Så har me eit flatt tak som må fornyast, og det har også vore snakk om ei ombygging i Byggmixen. Det får styret uttala seg om, seier Øen.

Omsetninga totalt ligg på rundt 50 millionar, og bortsett frå eit unntaksår (2015) har resultatet vore positivt og ligg på rundt ein halv million i året.

Sel for 50 millionar

2016-tala ikkje klare ennå, men det blir i den storleiken.

Daglegvaren utgjer drygt 20 millionar av omsetninga, resten er inntekter frå Bygg- Mixen og sal av storsekkar med både for og gjødsel, pluss utleige av den lange kaien til Ølen Betong for lossing av sand og lasting av tunnelelementer – pluss utleige av lokaler til frisør, helsemassasje og neglestudio i underetasjen.

Post og tipping er viktige inntektskjelder for handelslaget.

Nyleg er heile kai- og parkeringa rundt butikken, pluss busstopp, rusta opp for åtte millionar kroner i eit samarbeid mellom næringslivet, handelslaget, kommunen og fylkeskommunen.

Sandeid er blitt mykje trivelegare nede ved kaien.

Kvar fredag samlar ein gjeng mannlege pensjonistar seg i kaffikroken. Lørdagen er det litt yngre mannfolk som sit i det sandeidsbuen kallar «Børsen» – gjerne medan damene er på handlerunde.

– Kva tid går handelen best?

– I dårleg vær og dei siste to timane før stengetid.

Artikkeltags