Stortingsvalet nærmar seg med stormskritt og det er berre kring to månadar til veljarane skal setja saman eit nytt storting for dei neste fire åra. Denne valkampen må bli full av energi!

13. september er det stortingsval, men førehandsrøystinga er alt i gong. Politikarar fartar no landet rundt, med båt, bil, fly og tog. Det er bra at politikarane struttar over av energi og kjempar om å tekkast veljarane. På Vestlandet treng vi også at valkampen er full av energi –i meir bokstaveleg tala former. Kvifor det spør du?

Nyleg kom ei ny stortingsmelding frå regjeringa, Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Den peiker på ein del gode ting, men tempoet og dei konkrete løysinga bør drøftar meir - det er etter mitt syn eit godt oppspark til valkampen og neste stortingsperiode. Energipolitikk, utvikling av nye grøne verdikjeder og kraft til det grøne skiftet vil måtte prege den neste stortingsperioden. Det er mange tog som byrjar å verta klare for avgang på dette området, og vi må sikre at Noreg og Vestlandet ikkje står att på perrongen når desse går.

Dei neste åra skal planane og den norske satsinga på flytande havvind utmeislast. Dei neste åra skal det byggjast tusenvis av nye grøne arbeidsplassar langs kysten. Dei neste åra skal satsinga på hydrogen utviklast. I tillegg er dei fyrste spadetaka for Langskip tekne, som er ei storsatsing for å fange, transportere og lagre CO2 i Øygarden. I summen av alt som skjer ligg det enorme moglegheiter for Noreg og Vestlandet til å skapa nye industrieventyr på skuldrane av dei næringane vi har i dag, dersom ein satsar, legg til rette og får på plass naudsynt infrastruktur. e

I tillegg skal samfunnet vårt elektrifiserast i enno større grad enn kva som er tilfelle i dag. Stadig fleire bilar vert elektriske, stadig fleire ferjer i dei vakre vestlandsfjordane går på elektrisk straum. Øvrige transportmiddel skal også over på elektrisitet, i form av hydrogen og ammoniakk i åra som kjem. I tillegg kan vi om ikkje alt for lenge truleg fly frå Ålesund til Stavanger via Bergen med elfly. Framtida er elektrisk.

All denne elektrifiseringa og utviklinga av nye grøne arbeidsplassar har ein ting til felles. Det vil krevje mykje kraft. Fornybar kraft som vår region har mykje av. Dei tre vestlandsfylka står i følgje tal frå SSB i 2019 for over ein tredje del av den elektriske krafta som vert produsert i Noreg. Det gjer at vi har eit godt utgangspunkt for den utviklinga vi no står ovanfor. Likevel er det også i denne regionen utfordringar knytt til dette, som i hovudsak knyt seg til distribusjon av kraft innad i regionen – mellom kraftproduserande og kraftnyttande regionar.

Om Vestlandet skal lukkast med å forløyse det store potensialet vi har for å verta ein spydspiss for det grøne Noreg, med elektriske løysingar og tusenvis av nye grøne arbeidsplassar treng vi difor politikarar frå regionen på Stortinget dei neste åra som er opptekne av, har ansvaret for, og kjenner til desse saksfelta på ein god måte. Dei må gå i bresjen for å løyse dei utfordringane næringslivet står ovanfor, dei må sikre at vi klarar å balansere ulike omsyn og dei må sikre at vi har tempoet som skal til for å utløyse potensialet før andre regionar og land tek marknadsandelane som det no vert kjempa om på mange frontar.

Vestlandet har mange politikarar og kandidatar som i desse dagar arbeider for å representere regionen dei neste fire åra. I møtet med veljarane bør desse verta utfordra på saker som vert viktig for regionen i neste stortingsperiode.

Alt bør med andre ord ligge til rette for at vi på Vestlandet får ein valkamp som bokstaveleg tala er fylt av energi!