ØLEN: Med åtte mot ei røyst (Mats Årvik (Frp), gjekk Vindafjord formannskap inn for at Haugalandspakken skal bli forlenga fram til planlagt bypakke Haugesund/Karmøy er kommen i drift.

Maksimum forlenga levetid for Haugalandspakken er ut 2026.

I Vindafjord ligg gul stripe og vegutviding på E 134 frå Ølen sentrum til Tveit inne i pakken om han blir forlenga. Ei strekning på 1400 meter i pakken ved ei eventuell forlenging.

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) seier kommunen også arbeider for at E 134 skal utbetrast frå Tveit til Mørkeli, men dette er det ikkje sett av middel til ennå.

Modolf Haraldseid (H) meinte det ikkje er realistisk å få utbetra denne biten av E 134 på lang tid utan ei forlenging av Haugalandspakken.

KrFs Gustav Løge Fosse stemte for forlenging, men meinte det er forunderleg at staten, som har ansvaret for E 134, ikkje vil bidra.

Mats Årvik (Frp) sa at det var gjort ein avtale med innbyggjarane om at Haugalandspakken skulle vara til mars 2023. Den avtalen ville han halda, sa Årvik.

Fleire saker om Haugalandspakken:

Ser ut til å bli ja til enda meir bompengar: – Fleirtal hos oss

Alt anna enn hallelujastemning for vidare haugalandspakke