Vindafjord ut på «date»

ALLE SKAL MED: Medan Rune Hetland (V) vil ha flest muleg med i ein ny kommune på indre Haugalandet, er Arne Bergsvåg (Sp) meir avventande. Foto: Sigmund Hansen

ALLE SKAL MED: Medan Rune Hetland (V) vil ha flest muleg med i ein ny kommune på indre Haugalandet, er Arne Bergsvåg (Sp) meir avventande. Foto: Sigmund Hansen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Enkelte av politikarane i Vindafjord er klar for å slå kommunen saman med Etne. Snart er det folke-røysting.

DEL

VINDAFJORD: Nesten alle politikarane i Vindafjord trur det er mest realistisk å slå seg saman med Etne, men dei veit ikkje heilt korleis dei skal te seg når dei skal på politiske friarføter over Fikse.

– Eg føreslår at formannskapet gir ordførar og varaordførar fullmakt til å kontakta både Tysvær og Etne, pluss Sauda og Suldal, sa Rune Hetland (V), og blei nedstemt med seks mot to røyster.

Men han fekk svar frå ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

– Tysvær har sagt at dei er ikkje interessert i å slå seg saman med oss «innante». Eg kjenner meg som ein kar som skal ut og «date» ei dame (Tysvær) som ikkje er interessert, og så vil de at eg samstundes skal «date» ei anna «dame», nemleg Etne. Og der ville dei ikkje ein gong gjera ei felles utgreiing av dei ulike alternativa saman med oss. Dei ville ha si eiga utgreiing, sa Vierdal.

Humor og harde hogg

Det var både humor og harde hogg då formannskapet i Vindafjord drøfta den framtidige kommunestrukturen.

– De skal sjå at Vindafjordordføraren endar opp som den nye, store rundbrennaren, spøkte Arne Bergsvåg (Sp).

Nå sender kommunen tre utgreiingar ut på høyring:

Eit status quo prosjekt.

Eit alternativ der Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord blir slegne saman.

Eit alternativ med berre Vindafjord og Etne, og tilsaman 13.000 innbyggjarar.

Høyringsrunden skal etterfølgjast av ei rådgjevande folkerøysting utpå våren.

Sprikande staur

Medan Venstre og Høgre vil ha fleire med på laget, har Reidar Håvås og Ap landa på 0-alternativet.

At Vindafjord kommune skal vera som no.

I det styrande Sp er stemninga meir avventande.

Særleg virka Bergsvåg skeptisk til ei samanslåing med Etne:

– Etne avviste vår invitt om felles utgreiing. Når skal politikerane i Vindafjord ta hintet? spurte han.

Bergsvåg sa vidare at Vindafjord og Etne kommunar har utvikla seg forskjellig dei seinare åra.

Forskjellig utvikling

Eit eksempel: Medan Vindafjord har satsa på levande bygder med skule i kvar krins, har Etne lagt ned alle skulane utanom Skånevik og Etne sentrum.

– Når mange seier at Etne og Vindafjord er jo så like, svarar eg at me også faktisk er svært så ulike, sa Bergsvåg.

Steinar Skartland (KrF) såg for seg problema med at folket i dei to kommunane no skal koma med innspel til to heilt ulike rapportar, og på nokså forskjellig grunnlag.

Han meinte politikarane i begge kommunane no har eit ansvar for at noko skjer.

– Haugalandet er spesielt

Per Fatland (H) sa at Sp helst ikkje vil at noko skal skje i kommunereformen, og at «egenrådigheten» i mange kommunar på Haugalandet kan føra til at me blir oss sjøl for mykje nok.

Han minna om den store jærkommunen som kjem, og samanslåinga av Stord og Fitjar kan forrykka maktbalansen der Haugalandet blir ståande tilbake «oppdelt og utan felles kraft».

– Vindafjord er ikkje redd for kommunesamanslåing. Me har gjort det ein gong, og er ikkje redd for å gjera det ein gong til, sa Rune Hetland (V).

Bergsvåg fann det urettferdig at hans parti blei skulda for å motarbeida samanslåing på Haugalandet.

– Sp har ikkje fleirtal i Tysvær eller Karmøy kommune, og sist det var samanslåing (Ølen og Vindafjord) var også Etne invitert med. Det torpederte Etne Høgre effektivt, sa Bergsvåg.

Artikkeltags