Torvastad Sessions #7 - Gaute M. Sortland og Olav Christer Rossebø

Torsdag 20. september kl.20:00-21:30
4260 Torvastad
Hålandvegen, Torvastad, NorgeÅpne kart
kart

Korte tekstar og såre songar 

 Forfattar og musikar Gaute M. Sortland har kommet ut med si fjerde bok for vaksne, Korte meisterverk på Samlaget , og saman med Olav Christer Rossebø, bandkollega frå Bergen Mandolinband legg han ut på turne for å lese, synge og spele. 

 Konseptet er enkelt nok. Det blir lesing av humoristiske tekstar, korte og triste tekstar, store og tankefulle tekstar, avløyst av smektande tonar, bitande feler og sorgfulle cowboy-songar. 

-------------------------------------

Olav Christer Rossebø er utøvande musikar utdanna frå musikkhøgskulen i Oslo. Han speler dei fleste strengeinstrument og er fast medlem i banda: Lady Hardanger, Frøkedal (Populærmusikk med Anne Lise Frøkedals låter i sentrum) Andreas Bjørkås Trio, (Folkemusikk fra Oppdal) Geitungen (Folkemusikk fra Rogaland),Stanley Brinks & The Kaniks (Samarbeid med den franske låtskriveren artisten Stanley Brinks), Bergen Mandolinband, Square Heads (Duo med Hans Martin Austestad – vokal, banjo og gitar) 

 Gaute M. Sortland er forfattar og musikar i Bergen Mandolinband. Bergen Mandolinband har gitt ut ei rekke krittikarroste plater på Grappa. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og mottok mange gode meldingar. I 2015 blei han nominert til bokbloggprisen for korttekstsamlinga Fotturar i Norge (2015).