Valet neste år er ei anledning til å styrke banda mellom kommunane og regionane på Vestlandet, og dermed også få på plass eit fundament som gjer det enklare å samle seg i dei sakene som betyr noko. Det er ein anledning politikarane ikkje burde la gå frå seg.

Vi i Initiativ Vest har, med anna i denne avisa, tidlegare peikt på eit styrka samarbeid som eit av forholda som vil vera avgjerande for at Vestlandet skal lukkast framover. Vi trur det kan ligga til rette for spanande politisk nytenking dersom ein styrkjar det politiske samarbeidet på tvers av fleire kommunar. Det kan til dømes skje gjennom felles politikkutvikling i den pågåande programprosessen mellom partilaga i eit politisk parti i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion.

I tillegg burde kommune- og fylkespartia i sine program omtale kva dei meiner om utviklinga av Vestlandet framover. Vil ein ha eit storfylke? Kva meiner ein om dei store samferdsleprosjekta som kan knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionane? Kva vil ein stemme i saker som omhandlar samarbeid på tvers av valkrinsar? Vil ein som kommune ta initiativ til felles prosjekt med andre kommunar? Spørsmåla er mange, svar ikkje så mange. Fylkeslaga har naturlegvis meir politikk på dette, men vi trur det er viktig for utviklinga på Vestlandet at også kommunelaga utviklar politikk på dette. Dei bør i større grad avklare kva deira kommune, kall den X, ynskjer for Vestlandet.

Det er i dag ganske mange innbyggjarar som lev sine liv på tvers av kommunegrenser, og dermed valkrinsar i det komande valet. Typisk er at dei til dømes bur i ein kommune og har sin jobb og nyttar seg av tenestetilbod i andre kommunar. I tillegg har dei kanskje eit born som går på vidaregåande skule i ein tredje kommune. Desse kommunane utgjer det som vert omtala som felles bu- og arbeidsmarknadsregionar, og mange vil difor vera andre opptekne samfunnsutviklinga i fleire av desse kommunane – og i regionen.

På Haugalandet skjer det mykje spanande i desse dagar, og det er mitt intrykk at ein her har fått til ein del ting som ein ikkje i like stor grad har lukkast med andre stader på Vestlandet. Nyleg snakka eg med hamnedirektør Tore Gautesen og han trakk fram at ein har lukkast med å samle seg i dei store og viktige sakene, når eg utfordra han på kva den hemmeleg oppskrifta er. Eg trur nettopp det er ei god tilnærming til ein slik prosess: å fokusere på dei store og viktige sakene.

I åra som kjem står Vestlandet ovanfor store oppgåver. Oppgåver som det vil verta svært krevjande for einskilde kommunar å løysa kvar for seg. Fordi ein vil ha mangel på folk, og fordi det vil verta naudsynte med til dels store økonomiske løft. Om ein samstundes skal nå opp i dei tøffe nasjonale prioriteringskampane som vi veit vil kome vil samarbeid vera heilt essensielt for å nå opp. Sagt litt enkelt: vi må samle oss om dei store og viktige sakene, og så får vi heller krangle så busta fyk om resten.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023 er ei anledning til å styrke banda mellom kommunane og regionane på Vestlandet, og dermed også få på plass eit fundament som gjer det enklare å samle seg i dei sakene som betyr noko. Det er ein anledning politikarane ikkje burde la gå frå seg.